Av Alf-Einar Kvalavåg
Dette spørsmålet er det fleire som har stilt dei siste 14 dagane. Ein av grunnane til det er at dei som har signert kontrakt har måtte betale inn ti prosent av kjøpesummen innan 1. august. Det har fleire tolka som oppstartsdato. Tysværbu og prosjektleiar Kjetil Alvheim stadfestar at innbetalingsdatoen var 1. august, men at dette ikkje var oppstartsdatoen. På spørsmål om kva tid det blir oppstart har utbyggaren sendt ut følgjande pressemelding.
– Odd Hansen Prosjekt AS er nå klare til å starte med byggearbeidet i vårt prosjekt i Utsikten Terrasse i Aksdal, og me gleder oss til å komme i gang.
Me fekk igangsettingstillatinga frå Tysvær Kommune rett før fellesferien og me har denne veka fått stadfesta at entreprenøren er klar til å sette i gang i løpet av august.
Les heile saka i papirutgåva