Dag Frode Tønnesen (t.v.) skåra to og var ein av banens beste mot Etne. Sondre Voll var ein av banens beste mot Skudenes. Neste fredag møtast dei to på Frakkagjerd. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Dag Frode Tønnesen (t.v.) skåra to og var ein av banens beste mot Etne. Sondre Voll var ein av banens beste mot Skudenes. Neste fredag møtast dei to på Frakkagjerd. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Imponerte mot Etne, nå ventar Falkeid

Stegaberg leia fire gonger, men det enda 4-4 mot topplaget Etne. Målduoen Tønnesen og Lønning var tilbake på topp med to mål kvar. Neste helg er det lokaloppgjer.

Dag Frode Tønnesen sjokkerte heimelaget med to mål på fem minuttar i 1. omgang. Først etter 11 minutt, så berre fem minutt seinara dobla han. Heimelaget reduserte til 1-2 før pause, men Petter Lønning auka like etter kvilen. Så reduserte heimelaget to gonger og det sto 3-3 i ein fantastisk fotballkamp.
– Så skåra Petter ein gong til, før dei klarte å utlikne den leiinga også. Men Stegaberg gav seg ikkje og hadde eit par sjansar heilt mot slutten. Difor var det litt bittert når dommaren blåste av. Men 4-4 er bra, seier lagleiar Aud Irene Eikemo.

Dermed kappa Skudenes inn to poeng på Etne i kampen om opprykk etter at dei vann 3-0 over Falkeid.

Vi har spurt toppskårara Dag Frode Tønnesen om ein kamprapport slikt det kjentes ut, ute på kunstgraset i Etne:

1. omg: Dei første 20-25 minuttane så er me veldig gode og mykje betre enn topplaget Etne. Leiar fullt fortent 2-0, med litt flaks så kunne det fort stått 3 og 4-0… Me har 2-3 store sjansar i tillegg til de to måla. Når Etne reduserer på corner etter cirka 25 minutt så overtar de resten av omgangen og me blir presset tilbake på banen.

Me har heva oss skikkelig i forhold til våren

2. omg: Nok ein god omgang av oss, me går opp i 3-1 og kjører kampen. Så lager vi en del tullete og unødvendige frispark som gjør at Etne får slå mange dødballar inn i feltet vårt, og Etne er gode på dødballar. I denne perioden klarer dei å utlikne til 3-3. Det eina målet får de etter en horribel dommar avgjersle. Dei får frispark rett utanfor 16 meter, etter at Sveinung Hellerslien soleklart tar ball!!! Men så får vi 4-3 med Petter Lønning etter svært fint spill. Fem minutt før slutt så er me aleine med keeper og skyter i stanga. I det påfølgande angrepet så puttar de til 4-4.
Oppsummering: Me er betre enn topplaget Etne i nesten samelige 90 minuttar, sjansestatistikken 5-11 til Stega seier at me hadde fortent tre poeng. Men me har heva oss skikkelig i forhold til våren og har vært skikkeleg gode i haust, så neste kamp, som er mot Falkeid (fredag 27 sept.), kommer på eit svært gunstig tidspunkt. Kan garantere 3 poeng der!

M 5. DIV. AVD. 03 2013
Lag S P
1 Etne 19 41
2 Skudenes 18 37
3 Karmsund 19 34
4 Falkeid 19 32
5 Torvastad 18 31
6 Kåsen 18 28
7 Vedavåg 2 18 27
8 Stegaberg 18 22
9 Sveio 19 19
10 Ferkingstad 19 17
11 Skjoldar 18 16
12 Haugaland 19 7

Faktaboks

Etne 4 (1)
Stegaberg 4 (2)
5. div. avd. 3
Etne kunstgras
0-1 Dag Frode Tønnesen (11)
0-2 Dag Frode Tønnesen (16)
1-2 Kenneth Krokå
2-2 Åsmund Norheim
2-3 Petter Lønning (61)
3-3 Åsmund Norheim
3-4 Petter Lønning (70)
4-4 Kenneth Kroka (85)
Dommar: Warren Wade, Karmsund
Tilskådarar: 100