Svak nedgang i sjukefråveret

I andre kvartal 2013 er det legemeldte sjukefråværet i Rogaland er på 4,1 prosent.

Dette er ein reduksjon på 0,1 prosentpoeng år jamført med same periode i fjor. Rogaland har det lågaste sjukefråværet i landet. Sidan IA – avtala vart innført i 2. kvartal 2001, har sjukefråværet i Rogaland gått ned med 12,2 prosent.

Det legemeldte sjukefråveret i Noreg er på 5,1 prosent.

Nedgang i langtidsfråveret
–Jamført med andre kvartal 2012 ser me og ein liten nedgang i langtidsfråveret. Dette er ein tendens som har halde seg relativt stabil over fleire år og som me og kunne sjå tydeleg i førre kvartal. – Dette viser at det arbeidet me gjer i fellesskap med dei sjukemeldte, arbeidsgjevarane og fastlegane i sum gjev resultat i form av færre langtidssjukemeldte og eit lågare sjukefråvær over tid, seier Truls Nordahl.

Stavanger og sola lågast
Alle kommunane i Rogaland har eit legemeldt sjukefråvær som er lågare enn landssnittet. Av dei store kommunane er det Stavanger og Sola som har det lågaste legemeldte sjukefråveret i andre kvartal, begge med 3,8 prosent. Sandnes, Karmøy og Haugesund har noko høgare fråvær, med høvesvis 4,2, 4,3 og 4,4 prosent legemeldt sjukefråvær. Samstundes har desse tre kommunane ein nedgang på 0,1 prosentpoeng jamført med andre kvartal i 2012.

Forsand, Finnøy, Kvitsøy og Bokn er dei kommunane som har det lågaste legemeldte sjukefråværet medan Eigersund ligg høgast i Rogaland i andre kvartal 2013 med eit sjukefråvær på 4,8 prosent.

Høgast sjukefråvær innan helse og sosialtenester
Undervisning er den næringsgruppa som har støst nedgang i legemeldt sjukefråvær i 2. kvartal, med ein nedgang frå 4,9 til 4,1 prosent. Helse- og sosialtenester har fortsatt det høgaste sjukefråveret med 6,5 prosent. Fleire næringsgrupper har eit legemeldt sjukefråvær på 2,6 prosent, mellom anna olje og gass sektoren.

Nav, Rogaland