Nå blir det spanande!

Som venta har Technip Noreg A/S alt sendt søknad om oppankring i Yrkjefjorden.

Dei fleste vil vel vere kjend med at alle oppsitjarane langs fjorden har gått imot og dei 20 metrane som Tysvær kommune eig bør vel ikkje ha all verdens betyding.
Innbyggjarane i Vassendvik-området har allereie skaffa seg advokat, for å stoppe galskapen.
Nå blir det difor spanande å sjå kven Tysvær kommune vel å støtte. Sine eigne innbyggjarar? eller Vindafjord kommune.
Dersom Vindafjord kommune er så ekstremt oppsett på å få denne plettforma til kommunen så kan dei vel leggje ho i Sandeidfjorden.
Legg dei ho langt nok inn er det ingen frå Yrkje som ser ho, og der inne eig Vindafjord på begge sider. Der inne er fjorden så forureina av «grisaskitt», som i 40 år er spylt rett på sjøen, at det ikkje kan spele nokon rolle. Mindre vind er det også og då kan dei jo flytte deler av landanlegget til Ilsvåg eller Skigelstrand.
Så kanskje det er ein tanke å støtte sine eigne innbyggjarar denne gongen, Tysvær.
Og husk det er eit lokalval om berre to år.

Når det gjeld valet så burde ein kanskje snart sett på ei ny mandatfordeling. Slik som i dag kan ein i alle fall ikkje ha det lenger, med storparten av kommunestyret frå Aksdal, Frakkagjerd og Førre. Det burde vore fordelt betre etter distrikta. Som for eksempel burde Nedstrand hatt fire plasser, Skjoldastraumen fire plasser og «Gamla Tysvær» fire-fem plasser.
Resten er vel snart så samanvekse at dei kjem under det same distriktet. Uansett vil dei ha brorparten av dei valte representantane.
Dette vil kanskje opne for eit meir personval enn berre fargen på listene.
Sjølvsagt bør stemmetala telje for kor mange representantar dei forskjellige partia skal ha, men at det er opp til valstyret å fordele kva distrikt dei skal komme frå.
Kanskje ein kan nytte seg at fordelingsnøkkelen som blir brukt for utjamningsmandata ved stortingsvalet.

Steinar Stølsvik
Stølsvik