110 utan arbeid

Det er nå registrert 110 personar utan arbeid i Tysvær. det er ei auke på 19 frå same tid i fjor.

Dermed er to prosent av arbeidsstyrken i kommunen utan arbeid ved utgangen av september. Det er registrert 13 ledige stillingar i kommunen, 64 færre enn for eit år sidan.
– Rogaland er et av fylka med lågast arbeidsløyse. Me ser likevel teikn til nedkjøling i marknaden. Etterspørselen etter folk som jobbar i bygg- og anleggsbransjen og innan ingeniør – og ikt-fag er på veg nedover, seier fylkesdirektør Truls Nordahl.
1,9 prosent av arbeidsstyrken er registrert heilt arbeidslause i Rogaland i september, mot 1,7 prosent i september 2012. 4777 personar er heilt utan arbeid, fordelt på 2 137 kvinner og 2 640 menn. Samanlikna med september månad i fjor er 509 fleire menn og 155 fleire kvinner arbeidslause.
– Rogaland er fortsatt eitt av fylka i Noreg med lågast arbeidsløyse, men samanliknar me med september i 2012 så har arbeidsløysa auka med 16 prosent i Rogaland, noko som er meir enn gjennomsnittet på landsbasis, som er på 10 prosent, seier Truls Nordahl.
2,6 prosent av befolkninga i Noreg er utan arbeid i september.

Kjelde: NAV, Rogaland