Dei er mange og dei er synlege langs vegane. Vassbakk & Stol har fleire store prosjekt på gang. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Dei er mange og dei er synlege langs vegane. Vassbakk & Stol har fleire store prosjekt på gang. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Næring: Overalt – alltid

Det skal godt gjerast å ikkje ha møtt ein lastebil eller sett ein gravemaskin frå Vassbakk & Stol langs vegane våre. Karmøy-verksemda, som har flytteplanar til Tysvær er med der det skjer. På kundane sine premissar.

Dei hadde oppdrag for ein halv milliard i T-forbindinga, dei har laga nytt toplankryss i Førre og dei held på å sluttføre sykkelvegen mellom Garhaug og Søvik. I tillegg ser ein fleire store maskinar i fjellsida i Aksdal og i den nye traseen mellom Isvik og Solheim på E134.
Med omlag 500 tilsette og ei omsetting på rundt ein milliard kroner har verksemda bokstaveleg talt bygd seg opp stein for stein.
– Me er med og reknar og gir tilbod på det meste, så at me viser godt igjen er ein kombinasjon av at me får mange oppdrag og at me er ei stor verksemd. Dei siste åra har vore hektiske på Haugalandet med mange og ofte store prosjekt. T-forbindinga skil seg på mange måtar ut, men me har også mange andre betydelege prosjekt, som enten er ferdig, eller som snart er klare for opning. Me har dei fleste jobbane i vårt distrikt, i sør-fylket og i Hordaland. Til nå har det vore meir enn nok prosjekt i denne regionen til å halde hjula i gang, seier marknadssjef Gunnar Nesse.

Les meir i vår næringsdel av papiravisa.