Elin Skogøy (t.v.) og Anna Sigrid Nerheim heldt det raude bandet som ordførar Harald Stakekstad klippa over. Dermed har Tysvær samla viktige tenester under eit felles tildelingskontor.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Elin Skogøy (t.v.) og Anna Sigrid Nerheim heldt det raude bandet som ordførar Harald Stakekstad klippa over. Dermed har Tysvær samla viktige tenester under eit felles tildelingskontor.

– Dette var triste greier

Sidan 2005 har Forbrukarrådet utført kommunetestar. Tysvær bruker å vere gode, men ikkje i år.

Det blir feil å bruke ordet sjokk, men det var ein trist Tysvær-ordførar som sist helg måtte leite langt nedover på lista før han fann Tysvær. Faktisk måtte han så langt ned at han trudde han hadde rulla for langt nedover i resultatlista.

Å bli rangert som nummer 409 av landets 428 kommunar er slett ikkje kjekt

– Dette var triste greier. Det kan vere forskjellige grunnar til at me ikkje har gjort det bra denne gongen, men me kan ikkje skulde på andre enn oss sjølve. Å bli rangert som nummer 409 av landets 428 kommunar er slett ikkje kjekt. Spesielt ikkje når det er i ein undersøking gjort av Forbrukarrådet, seier Harald Stakkestad.
Poeng
Poengskalaen som er brukt av Forbrukarrådet strekker seg frå 0 – 100 poeng, der 100 er best. Alle presenterte størrelsar er gjennomsnitt av poengsummar på detaljnivå.
– Me får full skår på fritid og kultur. Det er eg sjølvsagt svært nøgd med då dette er eit område kor me har brukt mykje ressursar og satsa over fleire år. Me får 62 poeng for våre sosiale tenester og 55 for barn og skule. Det er også rundt snittet i landet og heilt greitt. Men me får tre -3- for tekniske tenester og null både for pleie og omsorg og for informasjonstenester. Her fekk Haugesund som var best i Rogaland 71 og 100 poeng, seier Stakkestad.

Les heile saka og sjå tabell i papiravisa.