John Hettervik og Skjold sendte Håvard Kaldheim og Sauda ned i 5. divisjon. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
John Hettervik og Skjold sendte Håvard Kaldheim og Sauda ned i 5. divisjon. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Askeland «Årets spelar» då Sauda blei sendt ned

Christian Askeland er «Årets spelar» i Tysvær Bygdeblad. I sesongavslutninga sendte han og Skjold, Sauda ned i 5. divisjon etter å ha vunne 3-0.

Det blei ein hektisk kveld for dei som har hjarte for 4. divisjon. Skjold vann 3-0 over Sauda, Nord – Lura enda 3-3 og Haugar vann 1-0 over Lura.Då skulle Nord ha vore det laget som slo følge med Ølen ned ein divisjon, men reglane seier at om to lag står likt på poeng og eit av dei ikkje har møtte til kamp, skal det laget rangerast bak. Dermed blir Sauda nok ein gong nest sist.

Årets spelar
Det brydde ikkje Christian Askeland seg om. Han avslutta sesongen med å hente heim vår pokal som Årets spelar. Den vann han delvis på grunn av solid spel, men også fordi han på grunn av ein brukket nase, sto over eit par kampar kor Skjold gjorde det dårleg. Det slo positivt ut på snittet til Askeland som vann føre Espen Helgeland, den einaste som spelte i smalege 22 kampar.
– Stort å vinne pokalen i ein sesong kor det har vore sånn midt på treet for laget. Me hadde håp om ein topp tre plassering, men rota for mykje i starten. Etter kvart blei det skikkeleg bra og på det beste har me inne 3. divisjonsnivå. Dessverre er me eit 5. divisjonslag på det svakaste, så tabellen lyg ikkje, seier Askeland som også var Årets spelar i 2009.
Svakt
Kampen mot Sauda blei ein transportetappe kor gjestane knapt nok hadde ein skikkeleg målsjanse.
– Dei var svake og det virka ikkje som om dei kjempa for å overleve. Dette var lett, sa Askeland som tar eit nytt år i Skjold.
Are Søderlund starta og avslutta skåringane mot Sauda. Toppskårar Espen Helgeland skåra 2-0-målet.
Andre resultater:
Vedavåg-Djerv 1919 2-1
Vard 2 – FKH 3 2-1

Mykje meir om kampen, om Askeland og kanskje om Skjold sin nye trenar i papirutgåva på torsdag…

Faktaboks

Skjold 3 (1)
Sauda 0 (0)
4. div. avd. 3
Gringe kunstgras
1-0 Are Søderlund (20)
2-0 Espen Helgeland (57)
3-0 Are Søderlund (70)
Dommar: Kjetil Bruland Sørensen, Stegaberg IL
Tilskodarar: 30
Gult kort: Atle Mehus, Sauda

Skjermbilde 2013-10-18 kl. 21.37.52

Christian Askeland