Det var ein hektisk dag både for liten og stor. Epledag med foreldrekaffi og Skjoldastraumen barnehagekorps sin aller første offentlege konsert. Stemninga både framføre og bak kornettane var til å ta og kjenne på.
– Er det ikkje frykteleg vanskeleg å spele kornett?
– Nei da, det er så lett så. Me bles inn her og så kjem det lyd ut der. Dette er berre knallkjekt og me gleder oss til å spele for dei vaksne og alle ungane som er her, smilte Ida Martine, Trygve, Ingebjørg, Veslemøy og Severin før konserten starta.
Var det nokon som frykta nervar? Vel, ikkje der i garden.
Les meir i papirutgåva.