Roar Sørensen er ein av dei som alltid stiller opp for Førre Musikkorps.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Roar Sørensen er ein av dei som alltid stiller opp for Førre Musikkorps.

Årets første «juleengel»

Han er ein meister å dele ut prisar og gåver til musikantar som fortener det. Han er ein sånn der vaksen som alltid er der. Roar Sørensen fortener årets første juleengel.

Kvart år deler Tysvær Bygdeblad ut juleenglar til menneske me har møtt på eller høyrt om gjennom eit hektisk år. Ofte får me tips, andre gonger er det personar som har gjort inntrykk på oss. Ikkje alltid fordi dei har gjort noko spektakulært, eller fordi dei har gjort noko ekstra i ein jobb dei faktisk har fått betalt for. Nei, dette handlar om dei som gjer det litle ekstra, dei som kan vere limet som gjer at tildømes barn og ungdom får eit godt fritidstilbod. Slike som Roar Sørensen, leiar og alt muleg mann i Førre Musikkorps.
– Dette var ei kjekk overrasking. Den såg eg ikkje komme. Eg er med fordi det gir meining å drive med slikt arbeid. Målet for meg er ikkje utmerkingar eller skryt. Men eg kjenne det gjer godt å få ein juleengel av lokalavisa. Det må bety at det eg gjer er rett, seier Sørensen.
Hektisk
I mange år har han vore eit slikt lim som trengs i alle lag og foreiningar. Ein vaksen som alltid er der, meir eller mindre synleg. Dei som ryddar opp og ordnar til, ofte usynelege når dei andre er gått heim. Om det er i Stegaberg IL eller korpset er det same. Han har sjølv ungar med og ser gevinsten av det å vere i styret.
– Me er nå inne i ein hektisk øveperiode fram mot «Juleshowet» i slutten av desember. Det er travelt både for liten og stor. Men for oss har dette vore noko å sjå fram mot og strekke seg etter i alle år, så ei jul utan hadde vore heilt feil, smiler «engelen» vår.
Nå er det slik at det ikkje berre er til å møte opp for å dele ut ein engel til travle Roar Sørensen. Denne måndagen var han nøydt til å vere med å spele. Sjølv var han trombonist i sine «glansdagar» men nå spelar han alt han slepp til på.
– Eg øydela kneet i ein fotballkamp for mange år sidan. Då var det godt å ha korpset som eit alternativ. Eg set stor pris på at dirigent Jakob Birk spør om eg kan trø til på eit instrument. Det å spele er kjekt og då må ein gripe sjansen når den byr seg, smiler han.
Fortent
Rundt styrebordet sit det andre eldsjeler i det tradisjonsrike og gode korpset. Dei bryt raskt inn i intervjuet for å rose sin leiar. Det er tydeleg at me har funne fram til rett person. Litt stolt og litt brydd over alt skrytet kikkar Sørensen ned på den kvite engelen ein gong til.
– Det er nå «jysla» kjekt å bli sett pris på. Dette er ei anerkjenning på det eg driv med og denne engelen er eg nøydt til å finne plass til i stova. Tusen takk, skal de ha, smiler Roar Sørensen.
Kvar torsdag fram til jul vil me dele ut ein juleengel. Kanskje kjem ein du set pris på i spalta vår.