Biblioteksjef Lillian Rushfeldt, barnehagesjef Anne-Lise Myrvold og mållagsleiar Synnøve Bredal Bjelland synst det er viktig at ungar i Tysvær blir kjent med bøker på både nynorsk og bokmål. 
Foto: Mona Terjesen
Sven Ivar Dybdal, Randi Rettedal og Tårn Ubøe meiner at Landbrukskontoret må bli flinkare til å opplyse bøndene og vere meir tilgjengeleg.

Teknisk i balanse

Av Mona Terjesen
Underbudsjettering og budsjettsprekkar har vore eit problem i teknisk utval i mange år. Omorganisering og utnytting av eigne ressursar ser no ut til å snu utrenden.
Av Mona Terjesen
Det drysser meir på teknisk i budsjettet og økonomiplanen for 2014-2017 enn det har gjort tidlegare. Mellom anna blir det midlar til brannstasjonen og brannbilen i Nedstrand og ikkje minst til uteparken til sektoren.
– Me er veldig nøgde med budsjettet. At me får ein million kvart år gjer at me kan lage ein vedlikehaldsplan. No har me ein sjans til å gå i balanse, seier avdelingsleiar Johnny Wannberg.
Endringar
Hovudutvalsleiar for teknisk, Arvid Bakken (H) meiner at omstrukturering og ikkje minst betre utnytting av eigne folk, har mykje av æra for at det no går så godt i teknisk sektor i Tysvær.
– Johnny har vore prosjektleiar for fleire av dei store prosjekta no og gjort ein kjempejobb. At han for eksempel kom ut i balanse i Førre er imponerande, det vitnar om veldig god prosjektstyring, rosar Bakken.
– Så må det seiast at samarbeidet vårt med andre aktørar som Haugaland Kraft og Statens Vegvesen er utruleg godt også. Dei har mykje av æra for at me klarer prosjekta våre innan rammene, legg Wannberg til.

Les heile saka i papirutgåva.