Av Mona Terjesen
Det var under vekas formannskapsmøte at dei folkevalde vedtok å sende rådmannen sitt forslag til nye SFO-vedtekter ut på høyring. Fristen går ut 14. februar, og saka kjem opp politisk – med ferdig høyringsutkast vekene etter.
To millionar i underskot
Det var i forbindelse med evalueringa av tilbodet til barn og unge, at rådmann Arvid S. Vallestad kom fram til at det kan kuttast i SFO-tilbodet i kommunen for å spare pengar. I dag tilbyr Tysvær skulefritidsordning til omlag 470 elevar – med sju ulike moglegheiter for opphaldstid. I budsjettet for 2014 og økonomiplanen for 2014-2017 varslar altså rådmannen omleggingar av tilbodet – til tre opphaldstider og endringar i betalinga.
– Det kjem til å bli reaksjonar, det gjorde det også då me la om barnehagetilbodet, men det gjekk seg til, sa Apeland.
Evalueringa av barn og unge viser at det er mykje pengar å spare på å kutte i skulefritidsordningstilbodet. Viktige pengar i ein spareperiode.
«Gjennomgangen av rekneskapen for 2012 og 2013 viser eit avvik mellom utgifter og inntekter i skulefritidsordninga. Rekneskapen viser eit underskott på to millionar kroner på den ordinære drifta av SFO-en. Årsaka er at driftsnivået er lagt opp til å dekke eit fullt tilbod, noko som berre eit mindretal brukar. Ved å endre vedtektene og tilboda som blir gitt, så kan me i 2014 ta halvparten av underskottet inn og for 2015 dekke opp for heile underskottet», seier rådmannen i saka.
Les heile saka i papirutgåva.