Dag Frode Tønnesen er flytta framover på banen og da renn måla inn. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Dag Frode Tønnesen er flytta framover på banen og da renn måla inn. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg

Stegaberg slo Torvastad 2-1

Kampane i vintercupen er ikkje til å satse pengar på. Torvastad møtte i kveld Stegaberg etter solide 5-1 over Skjold. Det blei for mykje med ein solid dose Tønnesen og Co.

Vintercupen er til for å teste ut spelarar og for å få god matching på vinterstid. Stegaberg har tatt steg for steg og i kveld imponerte laget då dei på Karmøy vann 2-1.
Målskårarar var Dag Frode Tønnesen og Espen Tørresdal.For Torvastad John Ø. Sletten.
– det var ein jamn kamp kor me spelte ein god 1. omgang og leia 1-0. Etter pausen blei det mykje byter og kvaliteten på spelet sank litt. Me auka til 2-0 rett etter pause og dei reduserte mot slutten. Det var eit visst press i mot, utan at det var så mange store sjansar. Kjekt å vinne ein jamn kam. I fjor hadde me garantert tapt dette, så eg håpar at den trenden nå er snudd, seier trenar Thormod Ness.
Han kunne glede seg over ein god kamp av brødrene Stakland. Både Jarle og Vegard skal spele for Stegaberg i 2014.
– Dei var bra på ein dag kor heile laget sto opp og viste bra tendensar. Om ikkje Skjold tapar 7-0 eller meir for Vard 2 er me ferdig med vintercupen. Då startar jakta på treningskampar, seier Ness.