Det er i bygg og anlegg det er flest ledige i Rogaland. 882 personar knytt til dei bransjane er registrert utan arbeid.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Talet på ledige går nedover. I Tysvær er det likt som i fjor.

5484 heilt utan arbeid

I alt er 5484 personar heilt utan arbeid i Rogaland i februar. Det er 1132 personar fleire enn på same tid i fjor.

Av Alf-Einar Kvalavåg og NAV
I Tysvær er det 129 personar som ikkje er i arbeid noko som er ei auke på 37 prosent frå i fjor på same tid. Det er lenge sidan talet har vore så høgt i vår kommune og ordførar Harald Stakkestad likar ikkje utviklinga.
– Nei, det er ikkje kjekt når talet på folk utan arbeid stig. Eg kan ikkje umiddelbart sjå kvifor det er slik, men eg veit at ein del verksemder har kutta litt i arbeidsstyrken sin. Så to-tre her og fire-fem der kan fort gjere eit utslag i vår kommune. Eg håper og trur at våren vil gi ein del nye arbeidsplassar. Det er mykje som skal skje på Haugalandet dette året og det kan spele inn på arbeidsmarknadstala også, seier Stakkestad.
– Er du overraska over tala?
– Eg er ikkje overraska for desse tala går alltid litt opp og ned. Men eg likar ikkje utviklinga her lokalt. Eg ser det er fleire kommunar som har same tendensen.

Les heile saka i pairutgåva