Rovdrift og utbrent

Når Petter Steen jr. varslar at nå er det nok som ordførar i Haugesund er det også med eit lite varsel om kva som blir kravd av ein politisk leiar.

Han har med meir eller mindre rak rygg måtte tole det meste byen har vore gjennom dei siste åra.
Og ein må kunne seie rak rygg sjølv om han slett ikkje har hatt medvind og «Meget pluss» som karakter i alt han har vore leiar for.
Men Steen jr. har vore populær, det er det ingen tvil om. Han har vore tilgjengeleg og han har vist omsorg for sine innbyggjarar. Det har kosta og det var ikkje noko sjokk å lese at han har drive rovdrift på seg sjølv. Det er prisen. Prisen for å heile tida ville. I ein by kor alle byproblem har slått inn med full tyngde har Steen «stått han av».
Så er spørsmålet om ein skal forvente at ordførarar driv rovdrift på seg sjølv. Gi så mykje ekstra utover det som er forventa av ein leiar, at dei ein dag møter veggen. Korleis skal ein sjå etter signal om at det går den vegen.
Det er tid for slike spørsmål fordi me i Tysvær har vår eigen Petter Steen. Partikollega Harald Stakkestad er også populær, noko valet sist viste i all klartekst. Ut frå dei tala er han den mest populære ordføraren i kommunens relativt korte historie. Slik blir nok også hans ettermæle. Han har vore tilgjengeleg, offensiv, lokalpatriotisk og ein som så gjerne vil vere med å sette dagsorden.
Han har tidlegare overfor meg sagt at dette er den siste perioden. Av og til, oftare i det siste faktisk, har han begynt å opne for at det kanskje ikkje er over likevel. Det er så mykje ugjort, så mykje spennande på gang og ikkje minst, så mange som godt kunne tenkt seg at Stakkestad sto ein periode til.
Og det er ikkje vanskeleg å skjøne at det ikkje er lett å gi slepp på dette. Eg skal heller ikkje komme med eit betre råd enn at det denne gongen, meir enn ved sist korsveg, likevel er viktig å tenkje seg om. Det kan bli nye flotte fire år med oppstart av utbygginga i Aksdal, Skeiseid og søre-Tysvær. Men det kan også bli fire tunge år utan at noko av dette skjer. Det kan bli meir sparing og kutt. Ein ordførars kvardag med andre ord.
Eit drygt år før neste kommuneval står Harald Stakkestad rakrygga politisk i Tysvær, uansett kva kritikarane meiner. Han har gjort ein jobb det står respekt av, ikkje berre når ein ser dei store linjene, men også når det gjeld dei små.
Eg ser noko i Petter Steen jr. si varsla avgang som eg ikkje vil sjå den dagen Harald Stakkestad seier takk for seg. Ingen er tent med ein ordførar som driv rovdrift, søm møter veggen, eller går heilt tom. Aller minst ordføraren sjølv.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør