Lars Birger Baustad og Karsten A. Larsen bruker tid på både lokalaviser og lokale fjernsynskanalar. Men av og til meiner dei det blir feil å ikkje informere internt politisk før ein slepp nyhende.
Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Lars Birger Baustad og Karsten A. Larsen bruker tid på både lokalaviser og lokale fjernsynskanalar. Men av og til meiner dei det blir feil å ikkje informere internt politisk før ein slepp nyhende.

Ein ordførars rett, eller…

Er det greitt at ein ordførar står fram i lokalavisa eller på fjernsynet, og snakkar varmt om store prosjekt? Ja, meiner ordføraren. Nei, meiner FrP.

Det var etter folkemøtet i Tysværvåg at Lars Birger Baustad og Karsten Larsen meinte at nok er nok. Soloutspela til ordførar Harald Stakkestad kom for ofte og for «høglytt» meinte dei to.
– Eg var mellom anna i eit møte i kommuneplanutvalet same dagen som ordføraren fortalde at Tysvær ville ha «Vikingland» til Slåttevik. Dette snakka han også om på følkemøtet same kvelden. Eg meiner det ville vore klokt å informert politikarar om slike tankar først og ikkje overraske oss på eit folkemøte, seier Baustad.
Skjønar litt
Ordførar Harald Stakkestad skjønar litt av kritikken frå FrP. Men han vil gjerne poengtere kvifor han gjekk ut slik som han gjorde.
– Eg trur både Baustad og Larsen skjønar at ordførarrolla er slik at ein av og til må ein gripe sjansane når dei byr seg, slik som i Vikingland-saka. Eg har ikkje lova noko som helst, men opna for at me ville ha Vikinglandet til Tysvær og at me ville ha innspel. Tysvær kommune sin administrasjon har nå sett på om det er muleg å eventuelt få noko slikt til Slåttevik. Skulle det vise seg å vere realiserbart, ja då blir det sjølvsagt vanlege utreiingar og politisk sakshandsaming. Eg skal ikkje bestemme aleine om nokon frykta det, seier Stakkestad.

Les heile saka i papirutgåva