Redaktør Alf-Einar Kvalavåg ser fram til å snakke med Kari Hilde Hodne French om boka hennar «Dødsdømt i Kongo; kampen for friheten». 
Foto: Mona Terjesen
Demostrantane var godt synlege på utsida av Festiviteten. Dei hadde møtt opp frå heile Tysvær.

Grunneigar må rydde opp

Store mengder søppel har flote i land ved kaianlegget i Førre. Dette får båtforeininga til å reagere.

Av Mona Terjesen

Dei har rydda vekk det som låg på offentleg eigedom, men framleis ligg mykje igjen. Det er det grunneigaren sitt ansvar å rydde opp, seier lova.

Førre båtforeining tok for eit par veker sidan kontakt med Tysvær Bygdeblad. Straumen hadde tatt med seg store mengder søppel frå sørdelen av fjorden. Etter å ha jobba dugnad og rydda vekk alt utanom privat eigedom, poengterer båtforeininga at det framleis ligg store mengder boss igjen.

Kan gi pålegg
Då Tysvær Bydeblad drog til plassen førre veke, fekk me sjå at dette i høgste grad stemte. Spørsmålet er; kven skal rydde opp?
Forureiningslova seier klart at det er grunneigar sitt ansvar å fjerne søppel på sin eigedom, uansett kven som har plassert det der:
«Om avfallet i tillegg til å virke skjemmande, også medfører fare for forureining i strid med forureiningslova, kan kommunen gi sjølv ein uskyldig grunneigar, pålegg om opprydding».
Idrettskonsulent i Tysvær kommune, Geir Stakkestad fortel at dei er blitt gjort merksame på tilfellet i Førre, og at dei jobbar med saka.
Me håper sjølvsagt at grunneigar tar affære sjølv og ryddar opp, slik at det ikkje trenger å bli noko sak utav dette, seier han.
Lova seier også:
«I praksis vil nok mange grunneigarar velje å rydde opp av eiga interesse, utan forutgåande pålegg frå myndigheitene»