Bertelsen & Garpestad AS har lågast pris med 78,1 millionar kroner (eksklusiv moms).
Dei to andre tilbyderane er Vassbakk & Stol AS (86,6 millionar) og Risa AS (92 millionar). Prosjektleiar Einar Færaas i Statens vegvesen seiar at prisane er noko høgare enn forventa. Han håpar likevel å komme i gang med arbeidet snart.
– No må vi gå gjennom tilboda og kontrollrekne, før vi kan skrive kontrakt. Går alt etter planen startar vi i løpet av sommaren, seier Færaas i ein pressemelding frå Vegvesenet.
Han fortel vidare i meldinga:
Målet med prosjektet å bygge om krysset E134/fylkesveg 771 til eit planfritt kryss. Det kjemei fylling i Førrestjørna der nytt påkjøringsfelt til E134 for austgåande trafikk blir lagt. Vi bygger eit nytt kryss på toppen av Førresbrekka og ny veg ut og inn av E134. Denne delen av arbeidet blir tatt først for å lette omkøyringane som kjem seinare.
I samband med bygging av det nye krysset må Førrestunnelen utvidast for å betre sikten fordei som køyrer austover. E134 og Førrestunnelen blir dermed stengt i fire-seks månadar frå mars neste år.
Det blir omkøyring via Førresbrekka for buss- og personbiltrafikk, medan tungtrafikk må køyre via Sveio eller T-forbindelsen.
– Det blir ei utfordring for alle partar, og vi ser no på korleis vi på best mogleg vis kan ivareta dei minste og mjukaste trafikantane når trafikken skal gå om Førresbrekka, fortel Færaas.
Han er oppteken av at dei som bur i området skal kjenne seg trygge i denne perioden. Statens vegvesen vil ta kontakt med berørte partar og arrangere informasjonsmøte før tunnelen blir stengt og arbeidet blir satt i gang.
Tunnelen skal rustast opp, og i tillegg til utviding og ny portal, blir tunnelen vatn –og frostsikra, samt at den får nytt lys.
– Dette er arbeid som vi tar i same slengen medan tunnelen allereie er stengt, seier Færaas.
Det kjem midtrekkverk på strekninga opp til Høybrekke, ny busshaldeplass med sykkelparkering, støytiltak og det skal lagast turvei rundt tjørna. Med det nye krysset blir det mykje tryggare for dei som skal av og på E134, særskilt i austgåande retning.
Prosjektet er del av Haugalandspakken og skal stå ferdig i desember 2015.