Thomas Mørk Vikse (t.v) og Mats Østenstad prøvde å stoppe Petter Lønning, men Stegaberg-spissen skåra etter tre minutt.
Foto: Stig Blomseth
Thomas Mørk Vikse (t.v) og Mats Østenstad prøvde å stoppe Petter Lønning, men Stegaberg-spissen skåra etter tre minutt.

Stegaberg dansar vidare

5-0 over Falkeid blei fulgt opp med 5-1 over Haugaland i kveld. Dermed har dei strak kurs mot toppen av tabellen.

Det tok berre tre minuttar før Petter Lønning sendte Stegaberg i leiinga på kunsgraset på Avaldsnes. Etter ein halvtime hadde makker Dag Frode Tønnesen dobla leiinga. Vegard Stakland auka til 3-0 før pause.
Etter kvilen reduserte Haugaland frå straffemerke, men til inga nytte. André Martinsen og Kristoffer Askeland punkterte det som var av spenning då dei auka til 4-1 og 5-1.
– Dette var ein storsiger på ein ikkje alt for god dag. Heldigvis var det svak motstand og me blei ikkje straffa for dei feila me gjorde. Me leia med tre mål til pause, men det var langt jamnare enn det. Me skåra heldigvis på rett tidpunkt og var vel eigentleg ikkje trua, seier trenar Thormod Ness.
Det mest gledelege i kveld var comebacket til Kristoffer Askeland.
– Kjekt at han fekk seg eit mål etter å ha slitt med skadar i eit år. Kjekt også at det er fem forskjellige målskårarar. Godkjent + får eg vel konkludere med, seier Ness.

Meir om Stegaberg:
https://tysver-bygdeblad.no/2014/04/10/stegaberg-knuste-falkeid-5-0/

Faktaboks

Haugaland 1 (0)
Stegaberg 5 (3)
5. div. avd. 3
Avaldsnes kunstgras
0-1 Petter Lønning (3)
0-2 Dag Frode Tønnesen (30)
0-3 Vegard Stakland (43)
1-3 Hendrik Magnussen (str.)
1-4 André Martinsen
1-5 Kristoffer Askeland (88)