Sigmund Lier og Anita Halsnes frå Tysvær Arbeiderparti er letta over at reservasjonsretten ikkje blir innført. Regjeringa deira fråtok fastlegar retten i 2011. 
Foto: Mona Terjesen
Sigmund Lier og Anita Halsnes frå Tysvær Arbeiderparti er letta over at reservasjonsretten ikkje blir innført. Regjeringa deira fråtok fastlegar retten i 2011.

– Protestane nytta

– Me er utruleg glade og letta, seier Anita Halsnes og Sigmund Lier (AP) etter at helseminister Bent Høie førre veke sa at det ikkje blir reservasjonsrett.

Av Mona Terjesen

For tre år sidan fastslo den raudgrøne regjeringa at norske fastlegar ikkje skal få velje om dei vil sende kvinner vidare til abort eller ikkje. Dette snudde i utakt med utviklinga, då den nye regjeringa kom til makta denne perioden. For under koalisjonsforhandlingane til den nye regjeringa, gjekk Høgre og FrP med på ei særavtale for å få KrF med på laget. Denne avtala går på nettopp dette med å oppta fastlegar sin reservasjonsrett. Venstre nekta å underskrive.

På barrikadane
Trass i at Høgre har fått pålegg om å stemme i tråd regjeringa sin samarbeidsavtale – særleg på Stortinget, har fleire Høgrepolitikarar, særleg kommunalt stemt mot reservasjonsretten. I Tysvær har partiet vore splitta. Mens Arne Gjerde la fram eit forslag i levekårutvalet som seier ja til reservasjonsrett, men nei til at kommunane skal sitte med ansvaret, stemte formannskapet annleis. Der foreslo Høgre – saman med Arbeiderpartiet, å seie klart nei til forslaget.
– Me har samarbeidd godt med Høgre i mange saker, og me er ofte einige i dei store linene. Me jobbar for å komme til gode løysningar for kommunen sitt beste, og då er me ofte samde. Men når det kjem til reservasjonsrettsaka, så må me innrømme at me lurte veldig, etter forslaget som Gjerde la fram i levekår. Heldigvis så stemte dei annleis i formannskapet – og der var me veldig einige, seier Sigmund Lier.
– Me ser at parti stemmer ulikt i denne saka. Det er naturleg også, for det er ei så viktig og kontroversiell sak. Me lever i 2014, og damene måtte på barrikaden igjen, for å få snudd saka. Hadde ikkje så mange protestert høglydt, så ville aldri forslaget blitt trekt, kommenterer Anita Halsnes.

Les meir i papirutgåva