Ei kvinne skal vere frakta til Haugesund sjukehus etter ei ulykke i Espevik. Illfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Ei kvinne skal vere frakta til Haugesund sjukehus etter ei ulykke i Espevik. Illfoto: Alf-Einar Kvalavåg

Til sjukehuset

Ei kvinne skal være frakta til sjukehuset i Haugesund med luftambulansen etter ei utforkjøring på riksveg 515 ikkje langt frå Espevik. Det var storutrykking til ulykka, men kvinna skal ha vore aleine i bilen.

Både politi, ambulansar og brannmannskap frå Nedstrand var på ulykkestaden.
– Helikopteret landa i nærleiken av steinbrottet mellom Sandvik og Espevik, melder ein Bygdeblad-tipsar.

Ulykka skjedde klokka 17.15.