Vårvask i tunnelane

Statens vegvesen arbeider i desse dagar med å vaske tunnelane i distriktet. Denne veka skal både Rennfast-tunnelane og Finnøytunnelen vaskast.

Det blir difor kolonnekøyring og nedsett fart.
– Vi har hatt mykje arbeid i tunnelane dei siste månadene, seier byggeleiar i Statens vegvesen, Tor Skårland.
Det har ført til mykje skit, og vaskinga er difor ekstra tidkrevjande denne
gongen.
– I Rennfast-tunnelane må vi feie før vi kan vaske. Det arbeidet blir gjort om natta, og krev nedsett fart, forklarar Skårland. Han grunngir den halvårlege vaskinga med at reine tunnelar gjer at det blir betre sikt, og då blir også tunnelane tryggare å køyre gjennom.
Statens vegvesen stengjer Rennfast-tunnelane om natta for å hindre trafikken minst mogleg.

Av Statens Vegvesen