Naboane til dei planlagde rusbustadene ved Aksdalsvatnet meiner at dei slett ikkje passar inn i eit område med bustader, kor ungar skal til og frå skulen.
Illfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Naboane til dei planlagde rusbustadene ved Aksdalsvatnet meiner at dei slett ikkje passar inn i eit område med bustader, kor ungar skal til og frå skulen.

Naboklagen kom aldri fram

Naboar reagerer kraftig på kommunen si plassering av rusbustadar ved Aksdalsvatnet. Den skriftlege klagen deira kom aldri fram til politikarane i tide.

Av Mona Terjesen

Ein naboklage blei levert til politikarane så fort det blei kjent at kommunen ønskjer å bygge bustadar til rusmisbrukarar ved Aksdalsvatnet. Klagen kom fram til levekårsutvalet, men aldri til teknisk.
– Me fekk klagen på bordet vårt, men sidan han for det meste gjekk på tekniske ting som at område er LNF-regulert og at bustadane kjem i strandsona, tenkte eg at det meir var ei sak for teknisk, fortel levekårsleiar Svein Terje Brekke (KrF).
Problemet er berre at denne klagen aldri kom til teknisk. Ein svikt i systemet skal i følgje rådmann Arvid S. Vallestad ha gjort at politikarane der aldri fekk han. Dermed stemte dei for å etablere rusbustadane ved Aksdalsvatnet – i tru om at det ikkje var komme innsigelser. Då saka var oppe i formannskapet på tysdag, mangla framleis klagevedlegget og politikarane måtte få han skrive ut under møtet. Dei fekk to minuttar til å lese gjennom naboklagen og ta stilling til etableringa.
– Det er kritikkverdig at utvala ikkje får klaga på plass før møte, kommenterte Anita Halsnes (AP).
Torunn Vestbø Gjerde tok til ordet for det same, og rådmannen forklara det altså med ein svikt i systemet.

Les heile saka i papirutgåva

Les også:
https://tysver-bygdeblad.no/2014/05/22/rusbustadar-del-2/