Fenomenet Tveit

Tveit vgs. er på mange måtar ein gamal og slitt institusjon i Tysvær. Kvar utbetring er ein kamp.

Ein kamp om pengar og vilje til å investere i framtida. Resultata dei klarer å få fram har imponert oss i mange år. Iveren og «gutsen» til dei som jobbar der det same.
Men når ein høyrer kor vanskeleg det er å halde liv i skulen blir det eit paradoks å sjå bilete av bilar i kø, lang kø, for å komme til Open Gard. Så mange som 5.000 skal ha vore innom portane sist sundag. Folk smila og lo. Koste seg med aktivitetar og leik. Nokon fekk klappe ein hest, andre halde ei kanin. Det var kø for å hoppe i høyet og for å lage fuglekassar.
– Er det muleg?
Svaret er tydeligvis ja. Me elskar bondelivet, det å komme oss ut på landet møte andre med det same sinn og rett og slett leike oss litt. Folk kosa seg i sola med ein kopp kaffi og ein drøs med ein kjenning dei trefte mellom bodar og dyr. Skuldrer blei senka etter ein litt for lang tur i kø, men det fekk så være. Når ein først kom fram var det mange som fann roen.
Open Gard står i sterk kontrast til mange andre arrangement. Dei satsar på det dei er best på, landsbrukstradisjonar, leik og aktivitetar både høgt og lågt. Og ære vere dei for det. I ei tid kor det blir diskutert landbruk sjølv på stader kor slike debattar sjeldan står på dagsorden, er det svært kjekt å høyre kva framtidige og nåverande bønder klarer å skape av aktivitet, og kor stor interesse det er for yrka deira. For ein Open Gard er på mange måtar eit unikt utstillingsvindauge kor ein med enkle hjelpemiddel kan skape positive opplevingar i eit naturleg miljø. Entusiasmen som er på Tveit til dagleg smittar over på gjestane og sjølv dei som sto lengst i kø, måtte til slutt gi seg over og innrømme at det blei ein kjekk dag.
Men for Tveit held det ikkje med skryt eit par «festdagar» i året. Dei kjempar framleis sin kamp for å få ei meir forutsigbar framtid. Dei treng politikarar og interesseorganisasjonar som tør å satse i dag, og som tør å satse på framtida.
I ein kvardag kor landbruket står framfor utfordringar som kanskje vil viske vekk deler av det landbruket me kjenner til i dag, så må initiativ slik som på Tveit få ein langt større plass på dagsorden.
For ein kan godt ta imot skryt og rosande ord, men det nyttar dessverre ikkje å betale rekningar med det. Det veit alle som elskar Tveit vgs., og dei er det mange av.
Spesielt på gråvêrsdagar når det ikkje er gjester innom i tunet.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør