Hilberg nemeth skåra for Skjold mot Nord i 1-1-kampen. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Hilberg nemeth skåra for Skjold mot Nord i 1-1-kampen. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg

1-1 mot ultradefensive Nord

Hilberg Nemeth skåra for Skjold, men det enda 1-1 då Skjold og Nord møttes i Grinde i kveld. Nord med ti mann i forsvar var vanskelege å få hol på.

Kampen i Grinde viste at det er lite som skil topp og botn i 4. divisjon. Nord som har slitt denne sesongen, men la seg i forsvar og kjempa heim eit poeng.
– Me kontrollerte banespelet heile kampen, men dei låg lågt å gjorde de vanskeleg for oss å spele oss gjennom. Etter cirka 50 minuttar er me uheldige å slepp inn eit mål, og då legg dei seg endå lågare mendan me presse meir og meir. Til slutt får me eit mål, seier Sander Hettervik som spelte dei siste 30 minuttar for Skjold.
Også vegard Steinsland meiner Nord blei noko baktunge.
– Dei parkerte «bussen» på 16-meteren og me slo masse innlegg utan at det hjalp. Kjedeleg å ikkje vinne ein slik kamp, seier spissen.