Ole Paus i Tysværtunet.  Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Ole Paus i Tysværtunet. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Så inderleg innerst i sjela

Ole Paus er ein stor artist. Som tekstforfattat, som gitarist, som songar og som entertainer. 90 minuttar i Tysværtunet blei ein slik konsert som ein kan trege seg i hjel på at ein ikkje gjekk på. For oss andre, stort.

Han begynte stilt og roleg med «Mitt lille land» vandret gjennom sin speleliste og gav «gull» frå både gamalt og nytt materiale. Mellom songane fortellingar som fekk dei godt over 100 i salen skikkeleg latterkrampe.
Du verden for ein forteljar Ole Pause er. Samfunnskritisk det eine augeblikket, for så å vere i det romatiske hjørne i det neste. Eit spark dit og eit spark hit, til publikums tydeleg forlystelse.
Det blei ein fantastisk konsert av opningskonserten under årets MIdtsommarfest. Høgdepunkta kan vel veljast litt ut frå kva stemning ein var i, men «Innerst i sjelen» og «O bli oss meg» var utruleg sterke opplevingar.
I det meir muntre hjørne var ein knallversjon av «I ein sofa frå Ikea».
Gjekk du glipp av konserten?
Vel litt trøyst får du i Bygdebladet på torsdag.

Faktaboks

Konsert
Ole Paus
Black Box, Tysværtunet
90 minuttar
110 fremmøtte
Ein fin mix av gamalt og nytt