Eit høyringsnotat om flytande skulegrenser og eventuelt ein deling av elevane mellom Frakkagjerd skole og Førre skule fekk fart på dei føresette på Nappatjørn og Høgahaug. Mange av dei er innflyttarar og valte sin nye bustad nettopp på grunn av den nye skulen og den trygge skulevegen.
– Eg trur eg etter kvart kan seie at me har alle dei føresette i ryggen når me nå går ut og seier at me ikkje er nøgde med dei planane det blir vist til i høyringsutkastet som er lagt fram av Agenda Kaupang og som politikarane i Tysvær skal ta stilling til i haust. Nå vil me sette oss ned og lage ei gruppe som skal jobbe vidare med denne saka og få kontakt med politikarane. Me har ei kjensle av at me er lurt og at dette er ei snikinnføring av flytande skulegrenser, seier Elisabeth Espeset Hamnøy.
Null respekt
Det som uroar dei føresette mest er tidsperspektivet på høyringa.
– Me fekk papira denne veka og det var sett høyringsfrist rett etter ferien. Det er ingen foreldreutval, grannelag eller FAU som er i drift midt i ferien. Det er nesten som om dette er gjort bevisst for at me ikkje skal få handsame dette på rett måte. Me har i første omgang kravd at det må komme lengre høyringstid, seier Kjetil Velde.
– Er det bevisst, ordførar Harald Stakkestad?
– Nei, dette er ikkje noko me prøver å skjule. Eg såg i ettertid at fristen blei litt feil og bad i kommunestyret, tirsdag om at den blei forlenga til 20. september.
Les heile saka + leiaren + kva som skjedde då politikarane nemnte saka i kommunestyremøtet i papirutgåva.
https://tysver-bygdeblad.no/2014/06/19/politisk-minefelt/