Irene Halseid, Hilde Rasmussen og Monica Kleppe ønskjer demente i tidleg eller moderat fase velkomne til sansehagen i Skjoldastraumen. Tilbodet er for alle i Tysvær.
Irene Halseid, Hilde Rasmussen og Monica Kleppe ønskjer demente i tidleg eller moderat fase velkomne til sansehagen i Skjoldastraumen. Tilbodet er for alle i Tysvær.

«Glømsk og glad» i Tysvær

Tomatar, redikkar, ulike sortar salat og urter i alle variantar… Fantastisk utsikt, barneskrål, blå sjø og lukta av sommar. Demente har fått nytt dagtilbod og sansehage i Skjoldastraumen.

Av Mona Terjesen

Sola skin, fuglane kvitrar og ungane i barnehagen leikar og ler ute. Like ved sidan av, i ein nyfiksa hage, tilknytt grendesenteret, treff me ein glad gjeng som har kasta skoa og koser seg barføtt i sola.

– Sjå kor fint me har fått det. Her har me rydda opp, planta og pynta, fortel Hilde Rasmussen. Ho er geriatrisk sjukepleiar og prosjektleiar for «Glømsk og glad». Eit nytt dagtilbod til demente i tidleg og moderat fase, og deira pårørande.

Viktige rutinar

Det er i samband med demensplanen 2015, kommunane no etablerer desse dagtilboda. Og i Tysvær er altså ordninga allereie oppe og gå.

– Me starta opp i midten av mai, og har sidan då jobba med å få hagen slik me ønskjer. Brukarane har komme til etter kvart, og no har me fleire som kjem fast. Men me har plass til 15-16 stykk, og kan framleis ta imot fleire. Dette er eit lågterskeltilbod, så ein treng ikkje forplikte seg og komme kvar dag. Ein må gjerne berre stikke innom også, seier Rasmussen blidt.

Dagtilbodet i Skjoldastraumen – som gjeld for alle bebuarane i Tysvær, er ope kvar dag. Brukarane får vere med å lage lunsj og på ettermiddagen blir det servert kvelds.

– Me bruker så mykje av det me dyrkar i hagen som me kan, når me lagar mat, fortel Monica Kleppe, som er hjelpepleiar og tilsett i 80 prosent stilling.

I tillegg til å lage mat og ete saman, koser brukarane seg i hagen og drar på turar saman.

– Dette er jo ein fantastisk beliggenheit. Me har flotte turområde rundt oss, og no har me også fått ein egen bil og me disponerer ein båt. Etter kvart skal me ut og fiske og trekke garn. Dei som ikkje kan eller vil vere med i båten, kan dyppe tærne på stranda på Notaflåt. Eldre som har demens i ein tidleg fase, blir gjerne sittande mykje aleine. Dei hopper over måltid og isolerer seg. Med dette tilbodet kjem dei seg ut, får faste måltid og er med på ting som dei gjorde før – men ikkje gjer no lengre. Det er ein måte å forsinke sjukdomsprosessen på, seier Rasmussen.

Les meir i papirutgåva…