«Heftige reaksjonar»?

Arne Kjell Askeland skriv i lesarinnlegg 26. juni at han undrar seg over reaksjonar frå H og Ap i saka økonomiplan/-rammer.

Under behandling av saka tok Askeland ordet og sette fram det han sa var Tysvær Krf sine standpunkt. Standpunkta som han kom med slo beina under eit omfattande arbeid der kommunen har sett søkelys på kommunen si drift innan barn og unge. Askeland tok avstand frå fleire av punkta og konkluderte før kommunen har hatt planen på høyring og starta handsaming av saka. Gruppeleiar i Krf måtte til slutt på talarstolen og dementere Askeland sine påstandar, som ho sa var hans eigne og ikkje på vegne av Tysvær Krf. At Askeland prøver å snakke seg bort frå at han prøvde å slå politisk mynt før ei sak i det heile er kome til politisk behandling er undrande. Særleg undrande er det når Krf har både leiar for Levekårsutvalet og varaordfører i si kommunestyregruppe, som begge har vore tett på arbeidet med planen “Barn og unge”.  Askeland prøver og å så tvil om blant anna Ap ikkje snakkar om det som kjem fram i dei ulike utvala. Eg kan forsikre Askeland at Ap har gode rutinar for dette, og at me kjente til hans personelege uttalar i teknisk utval. Det som fekk oss til å reagere var at han sa desse stod Krf bak – noko dei likevel ikkje gjorde i følgje Aurdal. Eg veit og at Krf hadde gode rutinar for erfaringsutveksling, men kanskje Askeland ikkje har fått dette med seg. Arbeiderpartiet har mange tankar om rammeplanen for barn og unge. Me ynskjer derimot å vente med konklusjonar til alle høyringar er komne inn, og til saka ligg ferdig utgreidd og klar til politisk behandling. Me ser fram til å fortesetje det gode samarbeidet med Krf og dei andre partia om dette viktige arbeidet. Askeland sette sine synspunkt fram i lys av at det snart kjem ei kommunereform der kommunekartet på Haugalandet vil sjå annleis ut. Arbeiderpartiet er av den oppfatning at Tysvær står seg godt åleine, og at me ynskjer å styre politikken i eigen kommune, ikkje vente på kva andre skal meine for oss.

Sigmund Lier, gruppeleiar Ap