Erik Frøyland blei felt av keeper Jone Wannberg og Stegaberg fekk straffe etter ti minutt. Den brant dei og resten av kvelden blei trist sett med blå auge. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Erik Frøyland blei felt av keeper Jone Wannberg og Stegaberg fekk straffe etter ti minutt. Den brant dei og resten av kvelden blei trist sett med blå auge. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Eit nederlag som svei

Stegaberg sin draum om opprykk blei nok tatt av vinden på kunstgraset i kveld. Straffebom, svakt forsvarsspel og taktiske bommertar øydela festen. Vats 94 vann tilslutt 4-2 etter tre mål av Morten Frøland.

Det begynte så kjekt då Erik Frøyland blei felt og Stegaberg fekk straffe etter berre ti minutt. Mandius Vårvik drog til men keeper Jone Wannberg redda og Stegaberg fekk ikkje den starten dei kunne trengt i motvinden. Kanskje burde keeper Wannberg sett straffesparket frå sidelinja, med tanke på at han fråtok Frøyland ein soleklar målsjanse.
Etter den situasjonen roa det seg etter ein god Stegaberg-opning. Vinden gjorde at gjestane frå Vats fekk ein del hjørnespark som blei farleg slått inn av tidlegare Skjold-spelar Morten Frøland. Og på tredje forsøk gjekk hjørnesparket rett i mål bak eit passivt heimelag. Eit kvarter seinare gjorde han det same.
– Var det som var meininga, sa Frøland som meinte kampen blei prega av vinden.
Hemn
– Det skulle me ta att i andreomgang og skulle angripe frå start. Så fekk dei plutseleg fritt fram og auka til 3-0 etter ti sekundar. Heilt forferdeleg, sukkar Stegaberg-kaptein Dag Frode Tønnesen.
Det målet øydela mykje for Stegaberg. Jakta på tre mål blei stressande og knytt. Men Tønnesen gjorde eit heiderleg forsøk då han skåra to kjappe. Men i staden for at heimelaget kjørte over gjestane, skjedde det motsette. Morten Frøland utnytta meir passivt forsvarsspel og skåra sitt tredje for kvelden.
– Det var opprykket som røyk der, sukka Tønnesen.
– Dette var ikkje bra og nå får me vere sure i helga. Neste helg er det Ølen og då skal me ut og vise oss frå eit betre side. Men det spørs om ikkje det var denne sjansen me fekk til å rykke opp. Då svikta me, sukka trenar Thormod Ness som var oppe i en litt spesiell situasjon. Han blei avblåst for offside på eit femmeterutspark.
– Det er vel ikkje offside. I tillegg blåste dommaren av kampen eit minutt før full tid i ein kamp han skulle legge til fire minutt.
– Kva var grunnen til det?
– Han trudde det var ein gutekamp som speler i 40 minutt…
Så dårleg var det tross alt ikkje Boine.
Vats 94 har nå fått seg ei så stor luke til Stegaberg og Ølen at dei og Torvastad i praksis er klare for 4. divisjon. Men alt kan skje, spesielt i 5. divisjon. Det fekk me ein del døme på i kveld.

Faktaboks

Stegaberg 2 (0)
Vats 94/Skjoldar 4 (2)
5. div. avd. 3
Frakkagjerd kunstgras
0-1 Morten Frøland (26)
0-2 Morten Frøland (41)
0-3 Jan Einar Frøland (46)
1-3 Dag Frode Tønnesen (61)
2-3 Dag Frode Tønnesen (67)
2-4 Morten Frøland (82)
Dommar: Ole Boine, Djerv 1919
Tilskodarar: 40