Tysvær Bygdeblad ville også vere med å gjere stas på Gunnar Kallevik. Difor blei det ei ekstra feiring saman med ordførar Harald Stakkestad i våre lokale denne veka.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Gunnar Kallevik her sammen med ordfører Harald Stakkestad da det ble kjent at han var en av fire fra Rogaland som er invitert til slottet..

Nærmer seg Afternoon Tea på Slottet

Som vi har omtalt tidligere i høst er Gunnar kallevik fra Høie invitert både til fylkesmannen og til Kongen på slottet. Nå er navnene på de andre tre fra Rogaland kjent.

28. oktober reiser Elsa Synnøve Tønnesen Ødegård (Eigersund), Sissel Aarrestad Høien( Hå), Jostein Haugvaldstad (Rennesøy) og Gunnar Kallevik (Tysvær) til Oslo. Dei er inviterte til Afternoon Tea med Kongeparet. Men først skal dei få gode råd, tips og kaffi av fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa.

I fjor inviterte Kongeparet til Afternoon Tea for aller første gong. Det var så vellukka at suksessen blir gjentatt i år. Fire personar over 67 år frå kvart fylke er inviterte, alle aktive i lokalmiljøa sine på ulike vis. Bakgrunnen er Kongeparet sitt ønske om å fokusera på verdien av ein aktiv alderdom.

Dei fire som reiser denne gongen er plukka ut av fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa, i tett samarbeid med dei fire heimkommunane. Førstkomande tysdag, 14. oktober kl. 10.30 -12.00, er våre «utsendingar» inviterte til kaffi i lag med fylkesmannen i Statens Hus. Kleppa har vore på Slottet før og tenkte rett og slett at det kan vera kjekt og nyttig å dela nokre erfaringar. Og ikkje minst få drøst med dei fire utvalde.

Afternoon Tea er ein gammal engelsk skikk som Dronning Maud tok med seg inn i Kongefamilien, så det har vore lang tradisjon for dette på Slottet. Det nye er at Kongeparet samlar aktive eldre på denne måten.

John Gunnar Skien
Kommunikasjonssjef, Fylkesmannen i Rogaland