Nedstrand-ferja gjekk på land

Kveldsferja frå Nedstrand gjekk på land ved øya Nord-Hidle i kveld. Ingen skal vere fysisk alvorleg skadde. Alle dei 45 ombord blei henta av hurtigbåten like etter grunnstøytinga.

En person fekk kuttskader då MF Sjernarøy gjekk på grunn ved øya Nord-Hidle i Stjernarøyane sundag kveld. Passasjerane og mannskapet er berget ut av ferja og tatt til land med hurtigbåten.
Det var ferja som hadde avgang frå Nedstrand klokka 19.35 som trefte land ein time seinare. Ingen er alvoleg skadd i ulukka, meldar ferjeselskapet.