Saman med ordførar Harald Stakkestad og Liv Jorunn Frønsdal tok ho i mot sekk etter sekk med bøsser. Og når Kåre Breivik og Margareth Alfsvaag i Haugesud Sparebank hadde telt opp, så var rekordsummen 339.420 det som viste på kalkulatoren.
– I tilleg ga næringslivstafenne nesten 70.000, elevane på Førland skule har jogga inn 28.000 og formannskapet gav 25.000. I tillegg er det mange som har gitt på nett, seier Aurdal.
Familien Fossum frå ruta mellom Stegaberg og Høie var førstemann til banken med dagens innsamla pengar. Der var det ny rekord. Så kom Kåre Gaupås frå Skjoldastraumen. Ny rekord der også.
– Me traff mykje folk heime og det har gått heilt greit. Me tok det som ein familietur, seier Ingebjørg Fossum, som hadde med seg mannen Torleiv og dattera Ella, samt Elleas venninde Alva Espeseth Hamnøy på turen.
Det var soknerådt som hadde ansvaret for ruta.
– Ingen problem med å skaffe folk og folk gav. Det var ein liten kollisjon med eit lokalt arrangement i bygda, men ny rekord er me nøgde med, sa Kåre Gaupås frå Skjoldastraumen.
– Solid også i Aksdal og Grinde. Me har fått meldingar at mellom 50 og 70 prosent var heime, seier Torleif Pedersen og Wenche Veivåg Tveit.
– Også Førre er folk blitt tatt godt i mot. Me er godt nøgde, seier Gudveig Mæland som kom med rekordresultat 73.750 kroner og eit par Euro.
– Me hadde slått saman fleire krinsar i år, men det gjekk strålande. Me hadde kjentfolk på rutene og dei løyste jobben perfekt, seier Steinar Høyvik i Tysværvåg.
Me kjem til å oppdatere etter kvart som bøssen kjem inn.
Det er også verdt å merke seg at næringslivet gav omlag 70.000 til aksjonen då politikarane hadde ringerunde sist veke.
Resultat 2014:
Høie/Stegaberg: 15,285 – (13.821 i 2013)
Skjoldastraumen: 29.059 – (26.264 i 2013)
Grinde/Aksdal: 59.360 – (66.374 i 2013)
Frakkagjerd: 34.260 – (26.401 i 2013)
Førre: 73.750 (55.606 i 2013)
Nedstrand: 43.436 (42.481 i 2013)
Tysværvåg: 84.268 (76.939 i 2013) inkl. Førland og Hervik
Totalt: 339.420 kroner noko som er 34,98 per innbyggar