Redaktør Alf-Einar Kvalavåg ser fram til å snakke med Kari Hilde Hodne French om boka hennar «Dødsdømt i Kongo; kampen for friheten». 
Foto: Mona Terjesen
Demostrantane var godt synlege på utsida av Festiviteten. Dei hadde møtt opp frå heile Tysvær.

Arbeidarpartiet går fram, Høgre tilbake

Hadde det vore val i dag så ville AP blitt den store vinnaren,
og Høgre hamna på ein andreplass. Det er resultatet av
Tysvær Bygdeblad si meiningsmåling.

Det er ikkje berre sentralt opposisjonspartiet Arbeidarpartiet gjer det godt i meiningsmålingar. Ei fersk måling som Tysvær Bygdeblad har gjennomført saman med Norfakta Markedsanalyse, viser at Tysvær Arbeidarparti er valprognosevinnar med 28,5 prosent. Dermed går dei opp 5,1 prosent frå kommunevalet i 2011.
Samtidig går posisjonspartiet Høgre ned 4,7 og hamnar like bak AP med 28,4 prosent.
Og Høgre er ikkje aleine om å gå ned sidan førre val. Frp går ned med 0,4 prosent, SP med 1,2, SV med 0,2 og Venstre står stille på 5,3 prosent. Krf er det einaste partiet som saman med Arbeidarpartiet går opp på målinga. Dei ender på 13,5 mot 12,7 i 2011, og aukar med 0,8 prosent.
Meiningsmålinga blei utført i veke 43, blant eit representativt utval på 500 damer og menn i alle aldersgrupper over 18 år, fordelt på heile kommunen. Dei blei spurt kva dei stemte ved førre val, og kva dei ville ha stemt om det var val i dag.

Les partia sine reaksjonar i papiravisa.