Badeanlegget opnar 3. januar

Etter fem veker stengt, blir symjehallen opna 3. januar. Ei veke før antatt.

– Dette blei ei fin julegåve, då dette er ei veke før tidlegare annonsert. Dette skyldest svært god planlegging og gjennomføring av dette kompliserte byggprosjektet. Alle tilsette, fag og firma har på ein svært god og positiv måte gjort sitt ytterste for at vi skulle få opne anlegget for publikum raskast mogleg råd.

Anlegget har vore stengt fem veker på grunn av lenge planlagt ENØK prosjekt i bassengkjeller, vi valgte desember då dette erfaringsmessig er den dårligst besøkte månaden. Allikevel betyr dette at mange tusen ikkje har fått benytta anlegget.

Ventilasjonsanlegg i basseng har blitt skiftet ut, dette vil føre til store besparelser knytt til strømutgifter. I tillegg vil dette forbetre inneklima  i bassengkjeller,  som gjer at sensitivt og dyrt utstyr får lengre levetid. Vi har i perioden også gjort anna vedlikehald siden vi allikevel har stengt.  Vi vil også fortsette med arbeid og innstilinger på nytt anlegg utover nyåret, men publikumsbading vil vere ope.

Sist gong badeanlegget var stengt for vedlikehald var våren 2006.

Alle tilsette ser fram til å opne badanlegg 3. januar for alle våre besøkende og brukarar, seier kulturhusleiar Øystein Simonsen.