Randi Rettedal er ferdig som rektor ved Tveit vidaregåande skule. Ho skal fungere som rådgivar fram til hausten. 
Foto: Alf- Einar Kvalavåg
Randi Rettedal (Frp) fremma forslag om å opprette eit folkevalt organ i barnevernssaka.

16 år var ikkje nok

Randi Rettedal gjer comeback i lokalpolitikken. Ho har sagt ja til å vere Frp sin listetopp.

Dermed er ein av dei mest markante skikkelsane i Tysvær-politikken tilbake for fullt. Motivert, kampvillig og meir enn klar for ein ny periode.
– Eg er ein slik type som må ha ein arena kor eg kan vere med å skape noko. Politikken er ein slik. Etter 16 år takka eg av, men kjenner at energien er tilbake, og etter eit par rundar med familien, fekk eg dei signala eg trengte. Dei støtta meg, Frp-Tysvær ville ha meg, og dermed sitt me her, smilar 59-åringen frå Skjoldastraumen.
– Nei, takk
Sjølv om ho smiler og er kampklar då me snakkar med henne, var det slett ikkje eit comeback utan ekstraomgangar.
– Hadde du ringt og spurt i haust hadde det vore eit klart nei. Men etterkvart vakna engasjementet til liv, og då eg snakka med lokalpartiet rett før jul, var det ei opning. I jula, etter som sagt å ha snakka med mine næraste, sa eg ja. 100 prosent ja, seier Randi Rettedal.

Les heile saka i papirutgåva