Det har vore ein periode med motbakke for SV i Tysvær. Nå ser alt så «meget bedre» ut. Med Kjetil Anthun som listetopp fell mange brikker på plass.
– Eg meldte meg inn i lokallaget rett før jul i 2013. Eit år seinare blei eg spurt om å vere listetopp. Det gjekk litt fort, men eg er svært motivert. Eg brenn for mykje av dei sakene som SV brenn for sentralt og som er lette å overføre til lokalpolitikken. Eg har også etterkvart fått eit bilete av korleis ein driv lokalpolitisk arbeid. Eg gleder meg, seier Anthun.
Erfaren
Anthun som mange kjenner frå både skule- og fagforeiningsarbeid, er vant til både debattar og sakshandsaming i ein travel kvardag.
– Likevel er eg skeptisk til korleis eg taklar det politiske spelet og dei reglane som finnest der. Dette er noko som må lærast, og det ser eg fram til, seier 47-åringen frå Kallevik.
Les heile saka i papirutgåva.