Espen Sørenes og Falkeid skal til Grinde i kveld og møte Skjold i vintercupen. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Espen Sørenes skåra mot Ølen. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg

Kven svevar høgast

I kveld er det berre å finne fram ullstilongsar og dunjakkene. Skjold – Falkeid i Macron vintercup kan bli ein ungdommeleg godbit for fotballfolket.

Skjold svevte høgt etter storsigeren mot Etne siste veke. Falkeid jobba godt og pressa Vats/Skjoldar i ein lang periode, sjølv om det enda med tap.
https://tysver-bygdeblad.no/2015/01/29/malrik-apning-av-vintercupen/
I kveld blir det garantert god temperatur når kompisar i blått og gult møtast i Grinde.
– Me håper at det meste av isen som har vore rundt banen er vekke, og at det blir greitt å spele. Juniorane trente i går så me krysse fingrane, seier lagleiar i Skjold Hans Gunnar Hansen.
For spelarane er det alltid spesielt å møtast, sjølv om det er tidleg i sesongen. Og med mange ungdommar i startoppstillinga er det heilt spesielt.
– Me har ungt lag kor fleire ikkje har smakt på dette nivået tidlegare. Skjold har også mange unge spelarar, men fleire av dei har prøvd seg på a-laget, seier Espen Sørenes frå Falkeid, som skåra på straffe før kampstart sist veka. Om han får sjansen frå ellevemeteren i kveld får dei som kjem sjå.

Tysvær Bygdeblad er på plass i Grinde og ein kan få det første referatet på nett omlag klokka 22 i kveld.

Kampstart på kunstgraset er klokka 20.00