Elin Furubotn kjem til lunsjkonsert.
Elin Furubotn kjem til lunsjkonsert.

Furubotn gratis

20. februar står den andre lunsjkonserten for tur i Tysværtunet. Denne gongen er det Elin Furubotn frå Stavanger som kjem.

Av Mona Terjesen
Ho er ein artist som har vore med i Melodi Grand Prix, sunge duett med Morten Abel og ikkje minst gitt ut haugevis av kritikarrost musikk.
– Eg gler meg veldig til lunsjkonserten. Det blir ein slags intimkonsert, der kontakten med publikum og formidlinga av songane står i sentrum. Eg har jo alltid historier til songane mine, det er ein grunn til at dei oppstår, og dette fortel eg publikum. Tekstane omfattar oftast det kvardagslege, dei nære ting, som angår oss alle. Det er tekstar som mange kan kjenne seg igjen i, og ei blanding av det humoristiske og det meir alvorlige med livet. Nokre gonger er ein setning nok til at eg kan lage ein tekst, eller ein liten historie. For eksempel fortelte mormora mi – som budde i Sveio, meg om ei lita hending, som gjorde at jeg laga ein song om nettopp henne, fortel Furubotn.
– Ho er ein utruleg dyktig artist og formidlar, og passar perfekt til lunsjkonsertkonseptet. Eg har lenge ønskja å få henne til Tysværtunet, så då me fekk tilbodet i vår, så booka eg henne med ein gong, seier kulturhusleiar Øystein Simonsen.
Samarbeidsprosjekt
Førre gong var det Tom Roger Aadland som underhaldt publikum i lunsjen ved kafeen i «Tunet». Oppmøtet var stort. Større enn Simonsen hadde våga å håpe på.
– Eg blei veldig overraska. Utruleg kjekt at så mange tok turen. Ofte tar det litt tid når me startar opp med noko nytt, men denne gongen var det full klaff med ein gong. Me håpar at like mange tar turen 20. februar, og når den tredje lunsjkonserten blir arrangert – då med Munor, seier han.
Lunsjkonsertane er som kjent eit samarbeid mellom kulturhuset og Tysvær Bygdeblad. Simonsen seier dei håper å arrangere enda fleire lunsjkonsertar utover dei tre som no er sett opp.
– Det blir nok ein til før sommaren, og kanskje ein i samband med bLEST. Så er me opne for å arrangere slike konsertar på kort varsel når artistar er i nærleiken. Dette er ein fin arena for dei å vise seg fram på. Dei har ikkje like mange plasser å gjere det lengre, etter at platebutikkane la ned. Det er også godt mogleg at me kjem til å sleppe til andre enn musikarar. Under bLEST kunne det passa med poesi for eksempel, fortel kulturhusleiaren.
Annleis konsept
Også redaktør i Bygdebladet Alf-Einar Kvalavåg er glad for samarbeidet om lunsjkonsertane, og gler seg til å ta imot Furubotn fredag 20. februar.
– Dette er eit tilbod til artistar som «treng» ein lokal scene til å presenter det dei driv med. At me i vårt jubileumsår får til dette i saman med kulturhuset, er viktig for oss, men også skikkeleg stas.
Elin Furubotn er også tilhengar av konseptet og ser fram til å gjere noko anna enn dei tradisjonelle kveldskonsertane som ho er vant til.
– Forskjellen med bare meg på gitar midt på dagen og meg og eit større band om kvelden, er gjerne at det blir enda meir intimt. Og kaffien midt på dagen smaker vel godt? seier ho smilande.