Tysvær Brass vann NM Brass 4. divisjon.
Tysvær Brass vann NM Brass 4. divisjon.

Tysvær Brass heilt til topps

Dommarane har sagt sitt. Noregs beste brasskorps i 4. divisjon heiter Tysvær Brass. Hege Øvrebø vann solistprisen i det som har blitt ein jubelkveld i Bergen for musikantane frå Tysvær.

Med sine 93 poeng for stykket «Tallis Variations» gjekk dei 32 musikantane heilt til topp under Brass NM i Grieghallen i Bergen. Nummer to blei Borge brass frå Lofotoen, slått med to poeng.
– Visst søren vant me, jublar Tore Gard i det nyhende blei kjendt direkte på TV2 Sumo. Han opplevde også at sonen Tor-Martin kom på ein sterk 3. plass i 2. divisjon med Agder Brass.

Visst søren vant me

Tore Gard er framleis i salen og følger spent med, men fortel at musikantane for lengst har starta feiringa.
– Eg har fått meldingar om at jubelen står i taket. Heilt fantastisk og eg trur nesten det er litt sjokkstemning, seier Gard.
Malvin White dirigerte Tysvær Brass.
Stavanger Brass vann elitedivisjonen med tysværbuen Frank Roger Haukås Eikeland i besetningen. Sandra Helen Andersen Gard og Kleppe blei nummer 9.

Ein strålande lokal innsats som du kan lese meir om i papiravisa på torsdag.

Tore Gard med pokalen og beviset.

Tore Gard med pokalen og beviset.

Les også: https://tysver-bygdeblad.no/2015/02/07/ventar-spent-pa-resultatet/

https://tysver-bygdeblad.no/2015/02/07/solistvinnar-fra-straumen/