Venstre presenterar Torunn Vestbø Gjerde og Narve Susort på toppen av lista si til valet i 2015.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Torunn Vestbø Gjerde og Narve Susort held fram i styret til Venstre.

Vil oppturen fortsette?

Venstre har opplevd ein stor opptur den siste perioden. Ny liste, nye namn og kampvilje skal sørgje for at trenden fortsetter.

Torunn Vestbø Gjerde topper lista også denne gongen. Ho har gjennom kommunestyret og formannskapet rykka heilt til topps i det politiske Tysvær, og har blitt ein synleg og tydleg politikar. Nå ventar den «vanskelege» andreperioden.
– Det har gått fort og det har vore ei bratt lærekurve, men du verden så spennande. Eg har verkeleg fått vere med der det skjer og har kunne drive med lokalpolitikk på det høgste nivået. Det kom litt brått på etter sist val, så nå må eg bruke all den erfaringa eg har fått gjennom desse tre og eit halvt åra, til å drive ein god valkamp og få fram Venstre sine saker, seier Vestbø Gjerde.
Valet sist gjorde at også Leif Gunnar Søvik fekk plass i kommunestyret. Nå har han sagt nei takk, til ein ny runde og Falkeid IL sin leiar, Narve Susort, er kumulert som nummer to, bak Vestbø Gjerde.

Les heile saka og sjå lista i papirutgåva