Saknar du Minutten Grill er nok dette Favebooksida for deg.
Saknar du Minutten Grill er nok dette Favebooksida for deg.

Sjokk blant fansen

Nyhende om at «Minutten Grill» er historie kom faktisk som eit sjokk på mange av dei trufaste kundane. Mange hyllar nå dei to eigarane for å ha gjort eit rett val, men vil så gjerne ha treffstaden tilbake. Nå har dei starta Facebook-gruppe kor snart 500 har klikka seg inn i løpet av kort tid.

Torsdag kunne Tysvær Bygdeblad bringe nyhende om at det ikkje blir noen nyopning av «Minutten». I papiravisa kan ein lese heile historia om kvifor.
Etter ein lang tur i tenkeboksen har Bjørg Tysvær Haukås og Benny Håkonsen takka nei til å flytte inn i Coop-bygget.

Og responsen let ikkje vente på seg. På våre Facebooksider strømma det på med alt frå fortvila sakn til meir fleipete kommentarar. Men alle har vist gjennom sin kommentar at det var noko eige med gatekjøkkenet på Frakkagjerd. Akkurat nå har nærare 500 klikka seg inn og LIKE, eit tal som stig raskt.

Nokon av kommentarane går på at her må noko gripe sjansen og starte eit nytt gatekjøkken. Det kan bli vanskeleg.
Det er omtala i papirsaka, som me vil skal vere ekslusiv for våre abonnentar og dei som kjøperpapirutgåva av Tysvær Bygdeblad.

https://tysver-bygdeblad.no/2015/02/12/minutten-er-historie/