Det er med tungt hjarte dei to driftige damene nå informerer om avgjersla. Etter fleire rundar både med familie og vener, er dei komme fram til den endelege avgjersla.
– Me har fått ei fantastisk god oppfølging av Coop og fekk tilbod om å flytte inn i heilt nye lokale i butikken. Men det er ein stor jobb som må gjerast for å bygge opp eit heilt nytt gatekjøkken. Det er snakk om store investeringar, og då må me tenke om det er det me orkar og vil. Me er tross alt ikkje ungdommar lengre. Me har hatt dagar kor me har hatt lyst og dagar kor me har sett svart på det. Til slutt landa me på nei. Det gjer frykteleg vondt, og kjennest ut som ein sorgprosess me må gjennom, seier dei to eigarane av «Minutten Grill».
Les heile saka i papirutgåva
Meir om «Minutten Grill» på nett:
https://tysver-bygdeblad.no/2014/11/05/na-forsvinn-minutten-og-shell/
https://tysver-bygdeblad.no/2014/09/05/inne-sluttminuttane/
https://tysver-bygdeblad.no/2014/08/28/kjem-coop-extra/