Her er det nye styret i Tysvær SV: Frå venstre: Målfrid Tjoland Kolnes, Henning Bratthammer, Ketil Anthun, Marit Helene Selvig Johnsen og Synnøve Bredal Bjelland. Foto: Tysvær SV
Her er det nye styret i Tysvær SV: Frå venstre: Målfrid Tjoland Kolnes, Henning Bratthammer, Ketil Anthun, Marit Helene Selvig Johnsen og Synnøve Bredal Bjelland. Foto: Tysvær SV

Johnsen ny leiar i Tysvær SV

Tysvær SV gjennomførte årsmøte den 10. februar og Marit Helene Selvig Johnsen vart vald som ny leiar for lokallaget.

Vidare består styret av Ketil Anthun, Målfrid Tjoland Kolnes, Henning Bratthammer og Synnøve Bredal Bjelland.
Tysvær SV er no klare for valkampen med Ketil Anthun på toppen av lista.
– Medlemstalet har auka i haust, og lokallaget er no offisielt på beina att etter ein periode med lite aktivitet. Lokallaget har i skrivande stund to arbeidsgrupper i gang med å utarbeide valprogrammet for våren, og målet er at partiet skal være representert med minst eitt medlem i kommunestyret frå hausten, heiter det i ei pressemelding.

Meir om Tysvær SV:https://tysver-bygdeblad.no/2015/01/22/spaserte-til-topps/