Betre buss?

Svein Terje Brekke
Tysvær

Etter å ha lest Terje Halleland sitt innlegg i Haugesunds Avis om lokalt busstilbud, undrar det meg slett ikkje at denne saken fekk politisk fleirtal. Det som imponerer meg er kor enkelt det er å skaffe seg ein total oversikt av rutetilbudet ved å lese nokre sider i ein saksutredning.

Det skulle være unødvendig å minne om korleis Rogaland fylkeskommune har organisert seg på dette området. Det må være litt av ein utfordring å arbeide i Kolumbus, og ha fagkunnskap på dette feltet, når fylkespolitikerane skal detaljstyre kor bussen skal gå i.

Eg trudde me var komne så langt i dag at Kolumbus fekk tildelt sitt budsjett og hadde hånd om planlegging av virksomheten. Eg stilte også spørsmål om styret i Kolumbus sin rolle i dette, såg ikkje noko kommentert av det. Eit av mine hovedpoeng var nettopp å bruke Kolumbus og Tide for å evaluere dagens tilbud og utveksle erfaringer med tanke på nytt opplegg.

Dette er ikkje ei sak som haster slik at det må gjerast frå sommaren 2015. Men innser vel at fleirtalet rår. Det er ikkje noko argument for meg at mitt parti (KrF) har stemt på dette, galen veg blir ikkje rettare fordi om fleire går på den.

Litt kommentarer til det som skal bli så mykje bedre. Rute 1,2 og 5: Klart det blir bedre frekvens mellom Haugesund sentrum og Amanda når det blir fleire avganger, men kven er det som har fortalt at folk i «søndre bydel» har tenkt å gå opp til Spannavegen/Austmannavegen for å ta buss gjennom sentrum om Haraldshallen til Amanda reisetid ca 40 min. Slik dette gjekk før anbudet tok det 12 min. til Amanda for desse, når dei hadde et tilbud.

Rute 9 ny 6 Grinde-AksdalHaugesund: Sjølvsagt går det snarare når bussen skal gå utenom Frakkagjerd skule, men kva med dei som bur der og kva med det store utbyggingsområdet som ligg i dette området? Har ikkje Halleland sett kva planar Tysvær har?

Pris er eit interessant verkemiddel, det er faktisk erfaring og i Haugesund med reduserte månedskortpris og antall som bruker buss. Det er vel her ein må sette inn tiltak.

Videre må eg sei er blir imponert over ordbruken om «å henge seg opp i ytterst få tilfeller der tilbudet blir redusert». Dersom å fjerne tilbudet fra Norheim om Spanne til Skre, og ta bort rute 5 i Salhusveien, og legge opp til bussbytte for å reise fra Kolnes/Skre til sentrum, betyr så lite, kan ein vel lure på kva det neste kuttet blir.

Minner om at Kolnes er et stort utbyggingsområde. Dette bør vel ikkje eg minne ein fylkespolitikar om. Spekulasjoner om framtidige reisande vil truleg ha med tilgjengelighet og frekvens å gjere, og ikkje minst gjennomgåande ruter frå Blekemyr til Norheim/Vormedal innom Amanda.

Dei ni punktene bør sjølvsagt Halleland veta at ikkje er fra høyringa til kommunane, for dei reknar eg med er grundig lest av ein som bur i denne del av fylket. Desse 9 punkta er «soge av eie bryst».

Det eg ikkje har fått svar på er: Kvifor skal det kuttast i rutetilbudet (rutekilometer) for å finansiere billigare enkeltbiletter? Har ikkje høyrt at det er slik det føregår i anbudet i sørfylket. Eit punkt til slutt, noko eg faktisk rekna med Halleland hadde grepe fatt i:

Dersom det hadde blitt rute gjennom T-forbindelsen, kunne elevar frå Vindafjord, Tysvær og Bokn nådd vidergående skule i Koparvik og med litt justering også Åkra. I dag er det kun med bussbytte og stress dei når fram i tide.

Eg vil invitere Halleland til å bruke bussen. Dersom han er intresert skal eg ta han med for å vise kortare og raskare traseer for bybussen. Då kan me etterpå vurdere kva som « er bevisleg feil».

Håpar det er vilje til å ta ein runde til før ein setter i verk planlagt omlegging.