Sjukefråværet er stabilt

Det legemeldte sjukefråværet ligg stabilt på 4,5 prosent i fjerde kvartal i 2014 samanlikna med 4.kvartal 2013.

– Sett under eitt er det små endringar i sjukefråværet i Rogaland, men me ser ei auke i sjukefråværet i næringar knytt til olje og gassindustrien, seier Egil Tengs, avdelingsdirektør i NAV Rogaland.

Sjukefråværet i Noreg er 5,4 prosent.

Rogaland er framleis fylket med lågast legemeldt sjukefråvær, og sett under eitt ligg fylket og i botnsjiktet for varigheten på sjukefråværstilfelle. 86,1 prosent av alle sjukefråværstilfella har ei varigheit på under 8 veker, medan 9,5 prosent er sjukmeldt i over 12 veker.

– For mange er det å høyre til ein stad og å vere i aktivitet på jobben bra for helsa. Difor er det viktig at sjukmeldt og arbeidsgjevar held god dialog og at arbeidsoppgåver vert tilpassa så langt det lar seg gjera i kvart enkelt tilfelle. Det å vere litt i jobb kan gjere at ein unngår å falle ut av arbeidslivet for ein lengre periode som følgje av sjukdom, seier Tengs.

Auke i næringar knytt til olje- og gassindustrien
Næringsgruppa informasjon og kommunikasjon har lågast sjukefråvær, på 2,7 prosent, medan helse- og sosialtenester har høgast sjukefråvær med 6,8 prosent i fjerde kvartal 2014. Bergverksdrift og utvinning og forretningsmesseg tenesteyting er næringane med størst prosentvis auke, på høvesvis 7,0 og 7,9 prosent. – Sjølv om tala generelt for Rogaland er svært stabile, så ser me ei auke i sjukefråværet i næringar som har tette relasjonar til olje og gassindustrien. Det er mange faktorar som spiller inn på sjukefråvær, men me kan ikkje utelukke at det er ein samanheng mellom situasjonen i oljenæringa og auka i sjukefråværet. Me vil følgje med på situasjonen i tida framover, seier Tengs.

Fleire er litt på jobb mens dei er sjuke
I fjerde kvartal var 21,4 prosent av sjukefråværet i Rogaland gradert. På landsbasis er dette talet 24,1 prosent. Bruken av graderte sjukmeldingar aukar svakt i Rogaland, både blant menn og kvinner. – Nokon gonger er hundre prosent sjukmelding det beste alternativet, men ikkje alltid. Me veit at å gå på jobb det ein klarar med riktig tilrettelegging, kan verke positivt på helsa, avsluttar Tengs.

Levert av NAV-Rogaland