For å få til tilfredstillande leveranse av drikkevatn og brannvatn må trykket aukast, fortel drifts- og eigedomssjef Jon Gunnar Vikingstad. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg
For å få til tilfredstillande leveranse av drikkevatn og brannvatn må trykket aukast, fortel drifts- og eigedomssjef Jon Gunnar Vikingstad. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg

Kommunen: – Beklagar ulempene

Kommunen skjøner bebuarane sin reaksjon og beklagar ulempene.

Me kontaktar kommunen angåande bebuarane sin frustrasjon, og spør om bakgrunnen til vasstrykkendringa.
– Årsaka til omleggingane i søre Tysvær – inkludert Padlane, er at abonnentane skal få tilfredsstillande drikkevatn og sløkkevatn i tilfelle brann. Vassverket ved Ådnavatnet er lagt ned fordi Mattilsynet ikke har godkjent det i forhold til kvaliteten på vatnet. Tysvær får i dag levert drikkevatn frå Haugesund og Karmøy. I fleire år har kommunen sine driftsoperatørar blitt tilkalla Padlane og andre stader sør i Tysvær, på grunn av for dårleg trykk. For å få til tilfredstillande leveranse av drikkevatn og brannvatn må trykket aukast, fortel drifts- og eigedomssjef Jon Gunnar Vikingstad.
– Kor har de hatt dei største utfordringane?
– På Sagbakken. Dei blir forsynt frå det same vassleidningsnettet.
Vikingstad forklarer vidare at det er ulikt kor mykje installasjonane til folk tåler av vasstrykk. To vaskemaskinar kan tåle ulikt. Han påpeiker at dette er huseigarane sitt ansvar å halde styr på, og syte for at dei har rett trykk inn til sin eigen bustad.
– Det er deira eige ansvar å syte for at det ikkje blir øydelagt, nikkar han.

Les heile saka i papirutgåva

LES OGSÅ: https://tysver-bygdeblad.no/2015/05/15/kommunen-beklagar-ulempene/