Av Alf-Einar Kvalavåg
På tomta som i dag husar mellom anna Lakkservice, har det lenge vore planar. Nå begynner nokre av dei å bli meir konkrete.
– Eg kan stadfeste at me har signert ein avtale med Joar Skorpe om ei eventuell etablering av drivstoffpumper på tomta vår. Dette er ein prosess, som me har jobba med over ei tid, og som me tok vidare då me kom i kontakt med han og hans «Tanken» konsept. Så får me sjå kva som skjer, seier Svein Håkonsen i Frakkagjerdvegen 124 AS.
Spent
For nedstrendingen Skorpe er det spennande tider om dagen. Stor suksess med sitt fastpriskonsept på sørsida av fjorden gjer at han nå ser «heimover».
– Eg held på med ei etablering på Karmøy og har sendt ein søknad til Tysvær, for å kunne etablere meg der også. I tillegg til kommunen så må eg også få til ein avtale med Vegvesenet. Skal ein drive ein pumpestasjon, må ein kunne ha eit pristårn ved vegen, slik som ved alle bensinstasjonar. Det er ein diskusjon me ikkje er ferdig med. I tillegg er det eit par andre smådetaljar som må på plass, med tanke på plassering av pumpene, seier Skorpe.
– Korleis ser det ut med tanke på realisme i prosjektet?
– Eg er spent på kor mykje av det som eg har fått godkjent andre stader, som blir godkjent i Tysvær. Skal ein drive «butikk» er det ein del moment som må på plass. Då er det viktig at ein får til gode avtalar. Det er ingen tvil om at det er mange som kan tenkje seg ein slik stasjon på Frakkagjerd, og det er eit godt utgangspunkt for ei etablering.
Les heile saka i papirutgåva