3-4. klasse på Førland skule har fått seg ein sjekk på 5.000 kroner.
3-4. klasse på Førland skule har fått seg ein sjekk på 5.000 kroner.Bilde 1 av 2
Skjermbilde 2015-06-17 kl. 08.57.11
Bilde 2 av 2

Beintøffe elevar

Elevar frå Førre og Førland skule er så flinke til å gå eller sykle til skulen, at dei har fått seg ein stor sjekk som premie. 5.000 kroner til 4B på Førre og 3. og 4. klassinagne på Førland. Sprekt gjort.

Av Marlin Øvregård Løvås

Like før sommarferien var det to klassar i Tysvær kommune som fekk seg ei overrasking; premie for å ha deltatt på gå-til-skulen kampanjen Beintøft!
Beintøft er ein kampanje kor klassar over ein periode registrerar kor ofte dei går eller syklar til skulen. Hausten 2014 var det to skular i Tysvær som deltok; Førre skole og Førland skule. Miljøvernrådgjevar og folkehelsekoordinator i Tysvær kommune delte sist veke ut diplom og premie på 5000 kr til den beste klassen på kvar skule. Vinnarane var 3-4. klasse på Førland og 4B på Førre, kor begge klassane hadde over 90 prosent gåing i måleperioden.
På spørsmål om kva ein tenkte at pengane kunne brukast til var både reiser og hoppeslott høgt oppe på prioriteringlista blant dei spreke elevane.
Betre helse
Gjennom nasjonal transportplan er det satt eit mål om at 80 prosent av born og unge skal gå eller sykle til/frå skulen. Dette fører blant anna til:
• Betre helse i form av aktivitet i kvardagen.
• Betre miljø lokalt og globalt med mindre forureining frå bilar.
• Meir trafikksikkert nærmiljø rundt skulen.
• Betre læring.
Beintøft vil bli arrangert på ny til hausten, då med mål om å kunne gå heile strekninga til Paris kor neste klimatoppmøte skal arrangerast i desember 2015.