Jan Egil Jørgensen vann NM brass 1. divisjon, laurdag. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Jan Egil Jørgensen vann NM brass 1. divisjon, laurdag. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Norges beste frå Tysvær

Jan Egil Jørgensen er dirigent for tre korps, og ein av dei som viser igjen i korpsmiljøet i Bergen. Under NM i Stavanger gjekk han heilt til topps med Tertnes Skoles Musikkorps.

– Det er alltid spanande å reise til NM, fordi eg veit at dette er høgdepunktet for musikantane og dei som er med rundt korpset. I år er eg her med to korps, vinnarkorpset og med Lyderhorn. For meg som lever av å dirigere er slike dagar hektiske både før og under arrangementet, men først av alt kjekt, sa Jørgensen.
Jan Egil Jørgensen har vunne NM-titlar også tidlegare som dirigent.